Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Kassen

Kloggfabrikken på Totland. Ola Kassen som starta kloggfabrikken i midten, til venstre Sverre Hessevik, til høgre Olav Runshaug. Ukjend fotograf.

Kloggfabrikken på Totland. Ola Kassen som starta kloggfabrikken i midten, til venstre Sverre Hessevik, til høgre Olav Runshaug. Ukjend fotograf.

Ola Kassen f. 1916 starta kloggfabrikk (kloggar er ein slags tresko) på Totland i 1942. I 1947 bygde han eigen fabrikkbygning og hadde opptil tre mann i arbeid. Dei kunne produsere 6000 par kloggar i året.

Kassen var også flink til å reparere bandsagblad for folk. Treskofabrikken vart lagd ned på slutten av 1960-talet, men Kassen sjølv heldt fram med produksjonen i mindre omfang. Han laga også såkalla garnhyttar – d.e. kortskafta kleppar som vert nytta i fiske.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2010