Hopp til innhold
X
Innhald

Ola Midthun

Midthun-butikken heldt til i dette huset fram til 1990. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Midthun-butikken heldt til i dette huset fram til 1990. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ola Midthun starta landhandel i Eidvindvik i 1927, og på folkemunne vart butikken kalla «Småmagasinet».

Han dreiv også ei tid på 1950-talet med utleige av fryseboksar. Dette var ei ordning som fanst i mange bygder før fryseboksar vart vanlege i heimane. Frå 1958 til 1967 leigde Eivindvik Meieri (sjå: Bergensmeieriet kjem inn) lokale i kjellaren under butikken. I 1974 vart handelen overteken av Irma og Svein Høyland som kom frå Ikjefjord. Handelen vart lagt ned i 1990.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.08.2010