Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Aalen - landhandel og sildesalteri

Olav Aalen tok til med landhandel og sildesalting i Kvammen i 1916. Han overtok ei bu etter bergensaren Anthonsen som hadde drive der nokre år. Anthonsen flytta sjølv til Kuløyholmen.

Aalen vart også dampskipsekspeditør og poststyrar. I tillegg kjøpte han seg fiskebåtar og var notbas. Han bygde etter kvart opp ein heil flåte av fiskebåtar: «Heimfjell», «Percy», «Øyvind», «Norden» og «Frøystein». «Heimfjell» vart brukt til å frakte norske rømlingar over til Shetland under krigen ( sjå om m.a.: Nils Jørgen Fuglesang og flukta frå Stalag III), men båten kom tilbake til Kvammen og vart brukt til fiske nokre år etter krigen.

Etter Olav Aalen tok sonen Jostein Aalen over som ekspeditør i Kvammen, og deretter søstera Alvhild Aalen så lenge Fylkesbaatane dreiv ruter til Kvammen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 16.06.2010