Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Eikenæs Bok- og Papirhandel

Eikenæs Libris. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eikenæs Libris. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olav Eikenæs Bok- og Papirhandel på Sandane vart grunnlagd i 1915 av Olav Eikenæs. Han heldt til i bygget som seinare husa Glasmagasinet inntil han bygde eige forretningsbygg i 1922. Dette bygget har seinare husa klesbutikken til Kristine Kobberstad og ein kafé.

I det gule huset i midten heldt bokhandelen til frå 1922, seinare hadde Kristine Kobberstad klesbutikk der. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I det gule huset i midten heldt bokhandelen til frå 1922, seinare hadde Kristine Kobberstad klesbutikk der. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 1925 bygde Eikenæs eit nytt og større forretningsbygg opp mot riksvegen. Frå 1971 og fram til gamlebygget ved Nordstrandvegen vart rive i 1982, heldt Eikenæs til i det såkalla Firdakraftbygget.

I 1983 vart gamlebygget ved Nordstrandvegen erstatta av ein forretningsgard på heile 1600 kvadratmeter. Ein stor del av nybygget var leigd ut til andre forretningar og kontor, m.a. Posten.

Slik såg det ut inne i bokhandelen til Olav Eikenæs dei første åra.

Slik såg det ut inne i bokhandelen til Olav Eikenæs dei første åra.

I 1971 hadde Eikenæs også starta leiketybutikk i tillegg til bokhandelen, og dreiv også ein veskebutikk ei tid. I åtte år dreiv firmaet også daglegvarehandelen Sparmat i kjellaren på nybygget ved Nordstrandvegen. Sonen til Olav Eikenæs, Harald Eikenæs, starta i 1957 kartonasje- og papirfabrikk i Sykkylven, der det arbeidde 20 personar.

Baksida av Eikenæs-bygget, som m. a. husar Møbelringen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Baksida av Eikenæs-bygget, som m. a. husar Møbelringen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.01.2011