Hopp til innhold
X
Innhald

Olav K. Henden

Olav Kristensson Henden (1898–1987) frå Sandane. Forretningsmann og sentral motstandsmann under 2. verdskrig (sjå lenger nede på sida). Bror til Rolv Henden.

O.K. Henden var på 1960-1970-talet den sterkaste forkjemparen for nytt tverrsamband gjennom Sogn og Fjordane over Fjærland. Han gjekk inn for tunnel Skei-Fjærland, og veg på austsida av Fjærlandsfjorden til Hella.

Verksemda Olav K. Henden

på Sandane vart grunnlagt i 1920 av Olav K. Henden (sjå Forretningsfamilien Henden). Han starta i 1920 sykkelreparasjon og børsemakarverkstad på Sandane, og ei av fylkets første bilforretningar i 1926 (Ford). Henden hadde også bensinstasjon og bilverkstad, og dreiv som drosjesjåfør og sjåførlærar. Frå 1945 importør og forhandlar av Volvo, etter å ha sagt opp Ford-agenturet.

Gloppen vart Volvo-land

Sportsforretninga vart sterkt utvida, og omfatta også elektriske artiklar og aut. radio- og TV-forhandlar. Sønene Kristen og Arne Henden tok i 1958 over, først med felles drift, frå 1968 ved at Kristen eigde sportsforretninga og Arne Volvo-agenturet, og bygde etter kvart opp Volvo-avdelingar i Førde og Sogndal, i tillegg til hovudavdelinga på Sandane. I 1981 flytta Hendens Bilforretning inn i nye lokale i Mona på Sandane. Firmaet gjekk konkurs i 1984 (sjå også Fjordfly).

Sportsforretninga til Henden-familien i Sandane sentrum vert framleis driven under firmanamnet O.K. Henden A/S.

Motstandsbrørne Henden

Olav K. Henden var saman med broren Rolv Henden i Førde nøkkelpersonar i motstandsrørsla i Fjordane under 2. verdskrig. Lenge etter krigen vart det kjent at dei var med i den topphemmelege etterretningsorganisasjonen XU. O.K. Henden hadde vore med i kampane i Gudbrandsdalen og på Åndalsnes 1940, og organiserte den første Heimefront-gruppa i Gloppen i 1940.

Fenrik Dagfinn Aardal frå Breim fekk i 1941 i oppdrag å organisere ein heimefrontstyrke på 50 mann i Gloppen og Breim. I 1944 vart Aardal arrestert, og O.K. Henden tok over leiinga av gruppa. Den siste krigsvinteren var Olav og Rolv sentrale i oppbygginga av Milorg i Sunnfjord. Men organisasjonen sprakk og Milorg i Sogn og Fjordane vart opprulla av Gestapo i Sogn og Fjordane (sjå Opprullinga av Milorg).

Rolv kom seg i dekning, medan O.K. Henden vart arrestert på Sandane. Dette skjedde i forretninga hans. Han hadde skarpladd pistol i nærleiken og kunne forsvart seg, men let det vere: «Eg kunne skote nazistane, men ei usynleg hand greip om armen min, og ei røyst sa at eg måtte la vere. Dette berga nok både familien min og fleire med», fortalde den truande mannen etter krigen. Henden vart hardt mishandla den tida han sat i fangenskap. Han sat i fangenskap til krigsslutt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.12.2011