Hopp til innhold
X
Innhald

Olav Tenden Transport A/S

Ein av bilane til Olav Tenden Transport. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av bilane til Olav Tenden Transport. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Olav Tenden Transport A/S, (OTT), vart grunnlagt i 1947 av Ola Tenden og seinare overteke av sonen Olav Tenden.

Selskapet dreiv førsta åra forefallande transport og snøbrøyting, men har frå 1960 satsa på renovasjonstransport og gjenvinning. OTT driv i tillegg bulktransport. OTT hadde i mange år kontrakt med det interkommunale renovasjonsselskapet Nomil IKS og Vågsøy kommune om renovasjonskøyringa i Nordfjord, og hadde 30 tilsette.

Olav Tenden har eige mottaks- og gjenvinningsanlegg i Stryn Miljøpark AS, og har gjennom selskapet Tenden Container og Gjenvinning AS vorte ei av dei største verksemdene innan renovasjon for næringslivskundar i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre. Selskapet vart i 2006 også medeigar i renovasjonsselskapet Norddalen Miljø AS i Gudbrandsdalen. Tenden eig også selskapet Miljøkvalitet AS i Sykkylven.

I 2008 starta Olav Tenden Fjordane Bioenergi som skal produsere flis til biobrenselanlegg.

I 2014 starta Olav Tenden Holding i lag med Nortransport AS på Stange i Hedmark firmaet Nortransport Vest AS. Firmaet skal i hovudsak drive med transport mellom Austlandet og Vestlandet.

Anlegget til Olav Tenden Transport AS og Tenden Container og Gjenvinning AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anlegget til Olav Tenden Transport AS og Tenden Container og Gjenvinning AS. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 26.03.2014