Hopp til innhold
X
Innhald

Olden Brevatn A/S

Olden Brevatn med Melkevollbreen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Olden Brevatn med Melkevollbreen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Olden Brevatn A/S i Oldedalen vart grunnlagt 1992 av Inge Melkevoll, Svein og Olav Kvame og Knut Ødven.

Verksemda har gjort stor suksess med sal av vatn, tappa frå ei kjelde under isbreen, og selt av Hansa.

Verksemda tok i 1998 i bruk nytt produksjonsanlegg på 1900 kvm., og hadde i år 2000 20 tilsette og ei årsomsetning på 19 millionar kroner. Etter kvart kjøpte Hansa Borg Bryggerier ASA seg inn i verksemda, og overtok i 2005 alle aksjane. I 2009 var årsomsetninga auka til 40 millionar kroner, og anlegget produserte dette året rundt ni millionar liter vatn.

Olden-vatn i butikkhyllene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Olden-vatn i butikkhyllene. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Administrasjonsfløyen til Olden Brevatn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Administrasjonsfløyen til Olden Brevatn. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.09.2010