Hopp til innhold
X
Innhald

Ole Hatteberg

Ellingsen Daglivarer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ellingsen Daglivarer. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ole Hatteberg frå Kvinnherad i Hordaland starta landhandel på Lovisendal i Brekke i 1850. I 1869 overtok Erik Hansson Wergeland.

Frå 1874 til 1877 var det Lasse Olsson Tynning som dreiv handelen, og 1877-1886 Mons Nilssen frå Romarheim i Nordhordland. Han var også postopnar og ekspeditør for Fylkesbaatane fram til han gjekk konkurs i 1886. Då kjøpte lensmann Lasse Ellingsen Lovisendal og resten av buet, og overlet eigedomen og handelen i 1887 til sonen Eiler Mikael Ellingsen. Han dreiv til han døydde i 1905, og enkja Anna Karine dreiv til 1910, då Jacob Bjordal fekk leige forretning og skipsekspedisjon.

Brødrene Ellingsen AS

Brødrene Ellingsen AS

Jacob Bjordal flytta i 1920 til Fana, og Anna Karine sine søner, Berner og Otto Ellingsen, overtok og starta Brødrene Ellingsen AS. Seinare kjøpte Berner broren Otto ut.

Ellingsen Dagligvarer

I 1965 flytta forretninga ut frå Lovisendal og til nytt forretningsbygg på kaia. Berner dreiv fram til sønene Ivar og Harald Ellingsen tok over i 1970. I 2002 heiter firmaet Ellingsen Dagligvarer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.07.2010