Hopp til innhold
X
Innhald

Oppdrett og fiskeri i Hyllestad

Oppdrettsanlegget til Marine Harvest i Bøfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdrettsanlegget til Marine Harvest i Bøfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagfinn Dumben

frå Eide i Åfjorden bygde på 1960-talet opp eit stort notbruk som dreiv brislingsfiske i fjordane frå Sørlandet til Trøndelag. Hovudfartyet var «Radio» på 60 fot. Bruket var i drift til 1970-talet.

Her ved Risnesstraumen dreiv Leif O. Hatlem butikk, fiskematproduksjon og fiskeoppdrett. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her ved Risnesstraumen dreiv Leif O. Hatlem butikk, fiskematproduksjon og fiskeoppdrett. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Leif O. Hatlem

starta oppdrettsanlegg ved Risnesstraumen i 1972. Han dreiv også fiskematproduksjon og butikk. Han selde på 1990-talet, og etter fleire eigarskifte kom oppdrettskonsesjonen til Pan Fish-gruppa som nyttar konsesjonen ved Vestkapp Havbruk i Rysjedalsvika.

Smilleneset der Edgar Hatlem bygde havbruksanlegg  i 1973. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Smilleneset der Edgar Hatlem bygde havbruksanlegg i 1973. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Edgar Hatlem

bygde havbruksanlegg på Smilleneset ved Åfjorden i 1973. Matfiskkonsesjonen vart i 1998 selt til Fjordfisk AS (sjå under), og Edgar Hatlem har sidan drive foredling av laks og kvitfisk under firmanamn E H Fish AS. Sidan 2006 har han drive sal og distribusjon av fiske- og kjøtvarer m.a. gjennom Bondens Marked.

E. H. Fish AS

- sjå Edgar Hatlem.

Fjordfisk Fiskeoppdrett

vart starta på Hatlem ved Åfjorden av Bernt A. Hatlem i 1973.

Firda Sjøfarmer AS

- sjå Fjordfisk Fiskeoppdrett.

Anlegget til Åfjorden Fisk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Anlegget til Åfjorden Fisk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Åfjorden Fisk A/S

fiskeoppdrett og setjefiskanlegg, vart starta på Lireid i 1979 av Svein M. Olsen, Kjartan Bekken og Anders Sognnes. Anders Sognnes eigde grunnen, og tok etter kvart over som eineeigar, men gjekk konkurs. Eit Ålesunds-firma overtok, men gjekk konkurs. Anlegget vart ein del av Pan Fish. Matfiskkonsesjonen vart overførd til Vestkapp Havbruk sitt anlegg i Rysjedalsvika, og anlegget på Lireid er bygd stort ut som setjefiskanlegg.

Restane etter Åfjorddal Smoltoppdrett  har ført til ulemper for grunneigarar og andre som brukar Espelandsvatnet. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Restane etter Åfjorddal Smoltoppdrett har ført til ulemper for grunneigarar og andre som brukar Espelandsvatnet. Foto: Torje Bjellaas, NRK.

Alfred Hatlem

starta i 1984 oppdrettsanlegg for setjefisk på Eidsneset i Espelandsvatnet. Etter at Hatlem døydde, vart anlegget overteke av andre og fekk namnet Åfjorddal Smoltoppdrett AS. Anlegget har heilt sidan starten vore omstridd fordi mange meiner verksemda ureinar Espelandsvatnet og skaper ulemper med rømd fisk. Anlegget er no lagt ned.

Åfjorddal Smoltoppdrett AS

- sjå Alfred Hatlem.

Sognelaks A/S

oppdrettsanlegg vart starta i Rysjedalsvika i 1985 av Irene og Roar Bø. I 1998 vart anlegget kjøpt av Norway Seafarms og vart heitande Vestkapp Havbruk AS. Anlegget vart seinare ein del av Pan Fish-konsernet, deretter gjekk det over til Marine Harvest.

Oppdrettsanlegget mellom Bø og Rysjedalsvika som Sognelaks etablerte i 1985 og som no er eigd av Marine Harvest. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdrettsanlegget mellom Bø og Rysjedalsvika som Sognelaks etablerte i 1985 og som no er eigd av Marine Harvest. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Port Salar AS

oppdettsanlegg vart starta ved Storakersunder i 1985 med grunneigar Harry Porten som hovudaksjonær. Leif Hatløy i Korssund med selskapet UFO Laks kjøpte anlegget i 1995.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 04.10.2010