Hopp til innhold
X
Innhald

Oppdrettsanlegg i Vik

Joto smoltoppdrett vart starta i Belehagen i Arnafjorden i 1986. Det lokale initiativet kom frå Jon Nese og Tore Røyrvik, men Vik kommune gjekk imot etableringa.

Etter at dei to hadde fått med Bergesen-reiarlaget som medeigarar med 75 prosent, kom anlegget i gang. Ei tid vart det lova opptil 40 arbeidsplassar ved anlegget, men overetablering førde til prisras og massekonkursar i bransjen kring 1990. Også Joto fekk økonomiske vanskar. Etter fleire eigarskifte, overtok Aqua Farms Herand i 2001.

Sognesmolt

var eit anna smoltoppdrett som vart starta i Vik omlag samstundes, men gjekk konkurs etter kort tid. Sognesmolt var eigd av ei gruppe i Vik, og heldt til i eit av dei kommunale industribygga på Vikøyri.

Fjord Aker

har oppdrettsanlegg for blåskjel i Arnafjorden. Produksjonsanlegget ligg i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.06.2008