Hopp til innhold
X
Innhald

Oppdrettsselskapet Aqua Farms i Brekke

Eitt av oppdrettsanlegga til Aqua Farms, ved Risnefjorden med Brekke i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eitt av oppdrettsanlegga til Aqua Farms, ved Risnefjorden med Brekke i bakgrunnen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Aqua Farms med hovudbase i Brekke i Gulen vart eitt av dei store oppdrettsselskapa i Noreg med ei omsetning i 2001 på 221 millionar kroner og vel 80 tilsette. I 2002 kontrollerte selskapet 13 konsesjonar frå Jondal i sør til Midsund i nord . Det hadde også store eigarinteresser i eit stort setjefiskanlegg i Frankrike, i eit setjefisk- og oppdrettsanlegg på Vartdal, og er deleigar i eksportselskapet Ålesundfisk. Det heile starta med tre oppdrettsanlegg kring Risnefjorden på 1970-talet: Risnelaks, Sætrefisk og Fjordfisk:

Steinar Østerbø forar laksen i Risnelaks AS på 1970-talet. Privat foto.

Steinar Østerbø forar laksen i Risnelaks AS på 1970-talet. Privat foto.

Tre oppdrettarar kring Brekke

Risnefisk AS fiskeoppdrett i Risnefjorden vart starta i 1973 av Steinar Østerbø og Håkon Asheim. Anlegget låg mellom Asheim og Instefjord. I 1979 vart anlegget delt og flytta. Risnefisk vart samstundes oppløyst. I staden vart det starta to nye selskap: Risnelaks, eigd av Håkon Asheim , og Sætrelaks, eigd av Leidvin Sætre og Steinar Østerbø. Inst i Risnefjorden, i bygda Instefjord, starta Bjarne Instefjord i 1977 eit tredje oppdrettsselskap som heitte Fjordfisk. Dette vart i 1986 omskipa til Merkelaks AS, og Herand Fiskeindustri i Jondal og Sætrelaks kom inn som medeigarar. I 1990 gjekk dei tre oppdrettselskapa Sætrelaks, Risnelaks og Merkefisk saman i eitt felles driftsselskap.

Krise og konkurs kring Risnefjorden

Krisa i oppdrettsnæringa i 1991 førde til konkursar langs heile kysten. Fiskeoppdretternes Salslag gjekk konkurs. Også oppdrettsanlegga kring Risnefjorden vart hardt råka: Merkefisk fekk styrt avvikling, og Sætrelaks kom sterkt inn på eigarsida. Seinare vart Sætrelaks eineeigar av anlegget i Instefjord. Risnelaks gjekk konkurs, men vart stabla på beina att ved at det vart skipa eit driftsselskap og eit eigedomsselskap. Bak denne finansieringspakken sat Sætrelaks med aksjemajoriteten. Herand Fiskeindustri i Jondal i Hardanger var med som minoritetseigarar.

Oppdrettsanlegget til Aqua Farms i Oppedal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Oppdrettsanlegget til Aqua Farms i Oppedal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Aqua Farms vert skipa

I 1992 skipa mennene bak Sætrelaks, Steinar Østerbø og Leidvin Sætre, saman med oppdrettsselskapet Herand Fisk eit nytt selskap som vert kalla Aqua Farms. Gjennom dette selskapet sikra dei seg fleire konsesjonar både i Sogn og Fjordane og i Hordaland utover 1990-talet, slik at selskapet i 2002 hadde hand om to oppdrettskonsesjonar for eitt anlegg i Jondal i Hardanger, tre konsesjonar i Solund, fire i Gulen, to i Fjaler og to i Midsund i Romsdal. Dessutan eigde Aqua Farms halvparten i eit setjefiskanlegg og eit oppdrettsanlegg med tre konsesjonar i Vartdal på Sunnmøre. Det eigde i 2002 ein fjerdepart av eksportselskapet Ålesundfisk og ein tredjepart i eit stort klekkeri i Brest i Frankrike - Pro Mare - der det arbeider 300 tilsette. I 2001 hadde Aqua Farms ei omsetning på 221 millionar kroner - då medrekna sal av to konsesjonar på Stord.

Over til Aalesundfisk ASA

I 2004 slo Aqua Farms seg saman med eksportselskapet Aalesundfisk under firmanamnet Aalesundfisk ASA med hovudkontor i Bergen. Det nye konsernet hadde produksjonsanlegg i Sogn og Fjordane, Hardanger i Møre og Romsdal. Selskapet Marin Vekst ASA, som, er eigd av forsikringsselskap og bankar, vart ved ei aksjeutviding i 2005 den største eigaren i Aqua Farms ASA. Grunnleggjarane Steinar Østerbø og Leidvin Sætre eigde 20 prosent av selskapet etter denne emisjonen. I oktober 2005 kjøpte Pan Fish 90 prosent av aksjane i Aqua Farms for 485 millionar kroner. Ved salet kontrollerte Aqua Farms 16 oppdrettskonsesjonar og eigde tre slakteri, to røykeri og eit eksportselskap. Skipsreiaren John Fredriksen hadde tidlegare same året sikra seg aksjekontrollen over Pan Fish.

Seld til Florø-firma

I 2006 selde Pan Fish slakteriet i Instefjorden til Florø-firmaet Slakteriet AS ved Ole Eilertsen. Instefjord-anlegget vart eige selskap med namnet Slakteriet Brekke AS.

Lakseslakteriet i Instefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lakseslakteriet i Instefjord. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010