Hopp til innhold
X
Innhald

Ørens Hotel

Ørens Hotell på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ørens Hotell på 1930-talet. Foto: Eugene Nordahl-Olsen. Hydro-arkivet/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Hans Øren bygde Ørens Hotel på Sæbøtangen i Høyanger i 1920. Hotellet hadde 35 senger. På same tomta bygde Hans Øren også landhandel. Etter at Hans døydde i 1930, dreiv kona Anna hotell og butikk i mange år før døtrene Åslaug og Gunnhild Øren overtok. Butikken vart totalt øydelagt under storflaumen i Høyanger i 1971.

Øren Hotel i 2008 etter ei omfattande restaurering og ombygging. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øren Hotel i 2008 etter ei omfattande restaurering og ombygging. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hotelldrifta gjekk på 1970-talet over til Hans Øren, som ei tid også eigde Hafstad Hotell (Quality Førde hotell) i Førde. Ørens Hotel vart seinare overteke av Egil Lidal frå Balestrand, som seinare selde til dansken Jens Friis. Hotellet gjekk konkurs i 2002, men vart etter konkursen overteke av Høyanger Trelastkompani A/S. Namnet er endra til Øren Hotel.

Åslaug og Gunhild Øren framfor portretta av Anna og Hans Øren. Privat foto.

Åslaug og Gunhild Øren framfor portretta av Anna og Hans Øren. Privat foto.

Mot Daleelva er det bygt fleire tilbygg som bryt radikalt med den første hotellbygningen frå 1920. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mot Daleelva er det bygt fleire tilbygg som bryt radikalt med den første hotellbygningen frå 1920. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Les også om: Forretningsfamilien Øren

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.08.2010