Hopp til innhold
X
Innhald

Ove Unneland og Pan Fish

Oppdrettsanlegget som Ove Unneland og Asbjørn Tunsberg starta i 1982. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Oppdrettsanlegget som Ove Unneland og Asbjørn Tunsberg starta i 1982. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Asbjørn Tunsberg og Ove Unneland starta lakseoppdrett på Tunsberg ved Ånnelandsundet i 1982. I 1988 skilde dei lag: Asbjørn Tunsberg tok over heile anlegget ved Ånnelandsundet, medan Ove Unneland kjøpte eit oppdrettsanlegg på Risnes i Masfjorden.

I kriseåra tidleg på 1990-talet, kjøpte Ove Unneland ei mengd oppdrettsanlegg: I Gulen var det Kokksøylaks, Dingja Fiskeoppdrett, Uthaug Fisk oppdrettsanlegg og Randal Fiskeoppdrett.

Gulengruppen

I Solund fekk han kontroll over tre konsesjonar på to oppdrettsanlegg, og i Hyllestad eitt anlegg. Alt dette vart samla i det som vart kalla Gulengruppen, der Rolf Olsen Havbruk AS på Askøy tok over ein halvpart frå Ove Unneland i 1997. I 1999 selde så Unneland den andre halvparten til Rolf Olsen Havbruk AS, som i 2000 selde vidare til Pan Fish Asbjørn Tunsberg på si side selde etter nokre år anlegget sitt ved Ånnelandsundet til Stolt Nielsen-selskapet Stolt Seafarms AS, som seinare selde til Ola Braanaas sitt selskap Firda Sjøfarmer AS.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010