Hopp til innhold
X
Innhald

Overflateteknikk AS

SafeClean AS, tidlegare Overflateteknikk, ligg ved Daleelva på Hjetland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

SafeClean AS, tidlegare Overflateteknikk, ligg ved Daleelva på Hjetland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

vart skipa i Høyanger i 2002 av Jonny Litzheim med fleire, og har spesialisert seg på overflatebehandling av ulike metallegeringar.

I 2006 hadde verksemda 12 tilsette og ei omsetning på kring 12 millionar kroner. I 2011 var talet på tilsette auka til rundt 40.

Dei første åra hadde verksemda Fundo som den dominerande oppdragsgjevaren, men retta seg etter kvart meir og meir mot oljeindustrien. I samarbeid med Østerbø Maskin AS har selskapet utvikla ein maskin for reingjering av spesialtankar som vert nytta i oljeindustrien til havs.

Verksemda held til i industriparken på Hjetland. Selskapet har skifta namn til SafeClean AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.03.2011