Hopp til innhold
X
Innhald

Parhestane Braanaas og Strømsnes

Firda Settefisk i Norddalsjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Firda Settefisk i Norddalsjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gudmun Strømsnes og Ola Braanaas vart på 1990-talet dei største lokale aktørane I oppdrettsnæringa i Flora.

Gudmun Strømsnes eigde garden ved det gamle ferjeleiet på Haukå. Like ved gardstunet renn ei elv med friskt vatn ut i fjorden. Elvevatnet var grunnlaget då Gudmun Strømsnes, først i samarbeid med Kristen Strømmen frå Rugsund starta setjefiskproduksjon. Inne i Norddalsfjorden var Ola Braanaas saman med andre i gang med Firda Settefisk. Både Strømsnes og Braanaas sine anlegg vart med åra svært lønsame verksemder, og eigarane tente gode pengar. Dei starta først kvar for seg oppkjøp av andre anlegg. I 1996 skipa dei selskapet Gofish A/S der Strømsnes og Braanaas eigde ein halvpart kvar. Med dette selskapet starta dei ein kvikk handlerunde. Gofish vart på kort tid eitt av landets største lakseselskap: I 1996-97 kjøpte Gofish Troms Seafarms som sat på seks matfiskkonsesjonar og to setjefiskkonsesjonar i Sør-Troms. Samstundes kjøpte dei to av dei største oppdrettsselskapa på Færøyane: Laksaling og Silaling. Same året fekk Gofish hand om Øyra laks i Herøy kommune og eit oppdrettsanlegg i Sande kommune, begge på Sunnmøre.

Haukå med Haukå Settefisk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haukå med Haukå Settefisk. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Store i eige fylke

Men likevel var oppkjøpsappetitten størst i eige fylke: I 1997 kjøpte Gofish også selskapet Haukå Settefisk, oppdrettsanlegget til Bergen Fiskemat i Rognaldsvåg i Flora og Måløy-firmaet Kvalos Fiskefarm . Med i Kvalos-kjøpet fylgde både matfisk- og setjefiskkonsesjon, eit lakseslakteri på Davik som tidlegare hadde vore eigd av brørne Myrvang, Vestlaks i Sande kommune på Sunnmøre og Aris Fiskefarm i Hyllestad. Men ein like stor handelen gjorde dei i Gunnhildvågen i Flora, der Skaarfish eitt år tidlegare hadde gått over ende: Kjell Inge Røkke hadde teke over Skaarfish, men var interessert i i selje. Skaarfish vart delt på midten: Hoddevik-brørne frå Måløy og deira selskap Global Fish kjøpte avdelinga for sild og makrell, og Gofish sikra seg laksedelen av anlegget.

Norway Seafarms

Men etter denne handlerunden var det på tide å rydde i namnejungelen, og på slutten av 1997 vart Gofish, Troms Sjøfarmer og Haukå Settefisk slegne saman under namnet Norway Seafarms. Som dotterselskap av Haukå Settefisk hadde Gudmun Strømsnes også med seg Frøylaks, Selje Havbruk og Sessalaks i Hellevik inn i Norway Seafarms. I 1998 kom nye oppkjøpsrundar både på Sunnmøre og i Sogn og Fjordane: Med kjøpet av Vanylven Stam & Settefisk fekk dei hand om to konsesjonar for matfisk, ein for stamfisk, ein setjefiskkonsesjon og eit lakseslakteri, og i juli 1998 kjøpte Norway Seafarms Sognelaks i Leirvik i Sogn. På Færøyane sikra selskapet seg kontroll over halvparten av alle setjefiskkonsesjonar. Ei tid var Domstein-gruppa stor aksjonær i Norway Seafarms, man valde i 2005 å selje aksjane sine til skipsreiar John Fredriksen. Lakseslakteriet i Florø vart same året seld til det nye selskapet Slakteriet AS, eigd av Ole Johan Eilertsen og ei gruppe tilsette. I samband med omstrukturering mellom anlegga i Norway Seafarms vart det tradisjonsrike Svanøy Havbruk, som var starta av Svanøy Stiftelse på 1970-talet, lagd ned. I oktober 2005 vart Svanøy Havbruk starta opp på nytt av ei gruppe der Ola Sveen frå Svanøy, Skaar Norway (eigd av Helge Skaar, bror til Harald Skaar) og Per Inge Tansø frå Florø er medeigarar.

Over til PAN Fish

Skaarfish-anlegget med lakseslakteri i Gunnhildvågen skulle vise seg å vere dårleg forretning for Norway Seafarms. Slakteriet der vart stengd og selskapet starta samarbeid med Domstein-gruppa i lakseslakteriet som heldt til i den tidlegare hermetikkfabrikken i Hesteneset. Våren 1999 selde Gudmun Strømsnes og Ola Braanaas Norway Seafarms til den nye kometen i det norske oppdrettsmiljøet- PAN Fish – som var starta av Arne Nore (sjå denne – Vågsøy kommune) og nokre andre vågsøyværingar. Gudmun Strømsnes koneverterte eigarlutane sine i Norway Seafarms og vart leiar for det verdsomspennande konsernet sin oppdrettsdivisjon/Noreg, med hovudkontor i Florø. Etter dei økonomiske vanskane og omorganisering av PAN Fish i 2002, leigde Strømsnes to setjefiskanlegg frå det kriseråka selskapet - det eine var hans opphavelege anlegg på garden hans på Haukå, og det andre var Aris-anlegget i Hyllestad. Seinare overtok Marine Harvest setjefiskanlegget i Haukå.

Det øvre anlegget til Firda Settefisk i Norddalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det øvre anlegget til Firda Settefisk i Norddalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Firda Settefisk

Medan Strømsnes valde å la sitt selskap Haukå Settefisk og dotterselskap gå inn i Norway Seafarms og seinare PAN Fish, heldt Ola Braanaas sine selskap utanfor denne handelen. Firda Settefisk i Norddalsfjorden, starta i 1987. var Braanaas sin base. Med dette selskapet som utgangspunkt kjøpte han i 1993 det konkursråka Botnane Fiskeoppdrett som Norulv Øvrebotten (sjå denne -Bremanger kommune) hadde starta i 1985. Frå 1994 har Ola Braanaas satsa stort på oppkjøp av fiskeoppdrettsanlegg i Gulen: I 1994 kjøpte han to matfiskanlegg i Gulen og eitt setjefiskanlegg i Alvøen ved Bergen, i 1996 Eivindvik Fiskeoppdrett (Gulen), i 1997 Berges Laks med ein konsesjon i Gulen, i 1998 Stolt Seafarms sine to konsesjonar i Gulen, og i 1999 halvparten av Martin Birknes sitt lakseslakteri i Gulen. I tillegg kjøpte Braanaas i 1998 Rauma Laks i Romsdal og flytta konsesonen der over til anlegg i Gulen.

Anlegga i Gulen er eigde av Braanaas-selskapet Firda Sjøfarmer, og Braanaas styrer heile oppdrettskonsernet sitt gjennom holdingselskapet Firda Mangement. I 2004 kjøpte Ola Braanas ved Firda Management opp konkursbedriftene Bremanger Fiskefarm og Naustdal Fiskefarm. Seinare same året kjøpte Braanaas ein fiskekonsesjon i Askvoll kommune frå Staten, og oppdrettsverksemda til Hatlem-familien i Hyllestad – Fjordfisk AS – med to konsesjonar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.07.2012