Hopp til innhold
X
Innhald

Peder Kristensen

Peder Kristensen starta i 1906 landhandel og bakeri på Raudeberg. Slektningen John Hansen, som opphaveleg kom frå Kjølsdalen, hadde starta i bakarlære hjå onkelen Peder. Han tok slektsnamnet Rutledal.

I 1930 tok John Rutledal over butikken og dreiv handelen til kring 1979 under firmanamnet P. Kristensens Eftf.

Rutledal hadde mange offentlege ombod og var m.a. styremedlem i Nordfjord og Sunnmøre Billag i mange år.

Rutledal-butikken er no flytta til Kystmuséet sitt anlegg på Vågsberget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.08.2012