Hopp til innhold
X
Innhald

Pelsdyrnæringa stor i Jølster

Den største pelsdyrfarmen i Jølster ligg mellom E39 og Jølstravatnet i Årdal. Eigar er Finn Årdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den største pelsdyrfarmen i Jølster ligg mellom E39 og Jølstravatnet i Årdal. Eigar er Finn Årdal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sjølv om det er Gloppen, Lærdal og Naustdal som har vore dei store pelsdyrkommunane i Sogn og Fjordane, så vaks pelsdyrnæring til ei svært viktig tilleggsnæring for bønder i Jølster frå mellomkrigstida og utover.

I 1910 var Pelsdyrpionér Ole M. Totland frå Bryggja ein av dei første i Noreg som starta sølvrevoppdrett med importert villrev frå Canada. Men reveoppdrett var både risikabelt og kapitalkrevjande dei første ti-åra, og i Jølster som elles i fylket skipa difor bøndene aksjelag som eigde og dreiv sølvrevgardane. Hans Astrup starta den første sølvrevgarden på Ålhus i 1925. Året etter kom Bendik J. Nedrebø i gang med Bø Revegard på Ålhus. I 1927 starta Ola Nedrebø, Johannes I. Døsen og Anders Erikstad ein revegard. Helgheim Revegard vart skipa i 1929.

Blømingstid med blåreven

Blømingstid med blåreven

Reveavlen opplevde ei blømingstid frå 2. verdskrig og utover, særleg etter at blåreven kom inn i avlen for alvor. I 1949 var det såleis 46 revegardar med 730 revar i Jølster. I 1979 hadde talet på rev Jølster auka til 7625, når ein reknar både med vaksne dyr og kvelpar.

Ola Dagfinn Årdal. Privat foto.

Ola Dagfinn Årdal. Privat foto.

Forkjøkken på Sandane

Pelsdyroppdrettarar frå Jølster vart aksjonærar då Gloppen Pelsdyrforlag AS vart skipa og bygde stort pelsdyrforkjøkken på Sandane i 1961.

Grossist i førstepremiar

Den mest kjende pelsdyroppdrettaren i Jølster er Ola Dagfinn Årdal, som i mange år var grossist i førstespremiar for rev som han stilte på riks- og distriktsutstillingar. Ola Dagfinn Årdal har hatt opptil 1000 dyr i revegardane på garden sin i Årdal, og kan telje ei trofésamling på 30 førstepremiar frå riksutstillinga og over 100 frå distriktsutstillingar. Sonen Finn Årdal tok over drifta av revegardane i 1998.

Ein annan stor pelsdyroppdrettar i Jølster har vore Nikolai O. Årdal, som har drive stort både med mink og rev.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011