Hopp til innhold
X
Innhald

Pennalfabrikken

Dei fleste norske born som gjekk på skule i tiåra kring den 2. verdskrig, hadde nok eit nært forhold til produkta som kom frå Pennalfabrikken i Jølster – sjølv om dei ikkje kjende til kvar dei rikt dekorerte pennalhusa og penneskafta kom frå.

Pennalfabrikken i Jølster vart starta ved Flugelona på Vassenden i 1927 av brørne Kristian Eikås og Bertel Eikås, og den vart driven til 1959. Det offisielle namnet på firmaet var ”Brørne Eikås Trevareindustri”, men på folkemunne gjekk verksemda for Pennalfabrikken eller berre Pennalen.

Sjølhjelpa

Grunnen til dette var at hovudproduktet var dei kjende pennalhusa, der skuleborna kunne oppbevare skrivesaker. Det mest kjende pennalhuset frå Pennalen var Sjølhjelpa: På loket av Sjølhjelpa var det rissa inn forklaringar om mål og vekt, og lóket kunne brukast som linjal og målestav. Meir avanserte var dei todelte pennala med eit øvre og eit nedre rom for blyantar, og eit ekstra for viskelêr. Lóket på desse var ofte prydde med kjende, norske eventyrmotiv som Bukkene bruse o.s.b.

Blyantforlengar

Pennalfabrikken framstilte også penneskaft og blyantforlengarar. I desse blyantforlengarane kunne ein setje inn blyantstumpar som elles var mødelege å halde. Med blyantforlengaren kunne ungane dermed nytte blyanten til det knapt var noko att av han.

Tre variantar av pennala frå Pennalfabrikken, med sjølhjelpa i midten. Desse kan folk studere nærare på Sunnfjord Museum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tre variantar av pennala frå Pennalfabrikken, med sjølhjelpa i midten. Desse kan folk studere nærare på Sunnfjord Museum. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.12.2010