Hopp til innhold
X
Innhald

Per A. Øren Transportforretning A/S

Anlegget til Per A. Øren ved riksveg 55 i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Anlegget til Per A. Øren ved riksveg 55 i Høyanger. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Andreas Ørens eldste son Per A. Øren (1900-1951) starta som dampskipsekspeditør i Høyanger i 1925. Han fekk to år seinare leigevognløyve og dreiv varetransport m.a. for meieriet. Frå 1937 har firmaet også selt oljeprodukt, og har seinare utvida med eiga maskinentreprenøravdeling. Per A. Øren var også medskipar av Høyanger Trelastkompani (sjå dette).

Firmaet kjøpte transportselskapet Steinar Foss AS på Kaupanger i 2006. Foss hadde fire tilsette. Same året kjøpte Øren ein stor aksjepost i eigedomsselskapet Dalsmoen 15 AS på Voss. Dette selskapet var største aksjeeigar i transportselskapet Trans Trading AS som Per A. Øren Transportforretning tidlegare har samarbeidd med. Trans Trading gjekk seinare konkurs, men Øren eig framleis Dalsmoen 15.

193.	Forutan garasjar og verkstad for bilane sine har Per A. Øren AS også bensinstasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

193. Forutan garasjar og verkstad for bilane sine har Per A. Øren AS også bensinstasjon. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Per A. Øren Transportforretning A/S vert i dag leia av Per Andreas Øren og hadde i 2006 kring 60 tilsette. I 2006 omsette transportfirmaet for 90 millionar kroner. Øren hadde i 2007 34 vogntog og eit stort tal anleggsmaskinar.

Fundo-konkurs stort tap

Ein stor del av oppdraga til Per A. Øren Transportforretning var transport av felgar frå Fundo i Høyanger til kontinentet. Då Fundo Wheels gjekk konkurs i 2009 måtte Øren selje 15 av bilane sine og redusere talet på tilsette med 24 til 53. Omsetninga gjekk ned med 20 millionar kroner til 83 millionar i 2009.

Ein av bilane til Per A. Øren på riksveg 55 i Vadheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av bilane til Per A. Øren på riksveg 55 i Vadheim. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.08.2010