Hopp til innhold
X
Innhald

Petter Reed

Reed Mat A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reed Mat A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Petter Reed, fødd 1878 på Flølo i Breim, flytta til Måløy på slutten av 1890-talet og starta fargeri og stampe.

I 1904 kjøpte han ein eigedom på Midtgård. Kring 1915 starta han landhandel og bygde kombinert forretnings- og bustadhus på Midtgård i 1937. Sønene Knut Reed og Arne Reed kom med i firmaet, og butikken vart mykje utvida kring 1960. Reed var ei tid den største daglegvareforretninga i ytre Nordfjord. Ei tid dreiv Reed ein filial på Gotteberg. I 2005 er Reed Mat A/S medlemmer i Spar-kjeden, og det er etterkomarar etter Knut Reed som driv forretninga.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.04.2010