Hopp til innhold
X
Innhald

Premiehuset Sogn og Fjordane

Frå nettsida til Gosh pgp A/S.

Frå nettsida til Gosh pgp A/S.

Premiehuset Sogn og Fjordane vart skipa på Hafslo i 1990 av Astrid og Magnar Heggestad. Verksemda starta med å skru saman premiar for idrettslaget Bjørn, men utvida snart produksjonen til m.a. å trykkje stadionreklame, T-skjorter, banner og framstille pins.

Namnet vart endra til Gosh pgp A/S, verksemda flytta inn i nye lokale på Galden, og sonen Ole Petter Heggestad tok over som dagleg leiar.

I 2011 etablerte verksemda seg i Førde. Omsetnaden er i 2011 budsjettert til 16,5 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.03.2011