Hopp til innhold
X
Innhald

Rådgivende ingeniør Ragnar Hagen AS

Forretningsbygget til Ragnar Hagen husar og røyrleggjarverksemda Husevåg Rør. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget til Ragnar Hagen husar og røyrleggjarverksemda Husevåg Rør. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rådgivende ingeniør Ragnar Hagen AS vart skipa i Måløy i 1980 av ingeniør Ragnar Hagen. Han var tidlegare tilsett på bruavdelinga i Vegdirektoratet og deltok frå starten i 1970 med teikning og prosjektering av Måløybrua.

Seinare vart han byggeleiar for brua og starta privat ingeniørfirma i Måløy etter at bruanlegget var fullført. Hagen hadde oppdrag for m.a. Strynefjellsvegen og fleire større bruer i fylket. I Måløy bygde han eige forretningsbygg i Gate 1.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.03.2010