Hopp til innhold
X
Innhald

Randal Fiskeoppdrett

Harald Randal (i 1989). Foto frå TV-reportasje: Asle Veien, NRK.

Harald Randal (i 1989). Foto frå TV-reportasje: Asle Veien, NRK.

Randal Fiskeoppdrett vart skipa av Håkon Randal og sonen Harald Randal i 1970. Seinare vart firmaet aksjeselskap med Harald Randal som eineeigar.

I 1990 gjekk selskapet konkurs og låg nede til 1994, då det vart skipa eit nytt selskap som heitte Viggos Fiskeoppdrett med Harald Randal som hovudaksjonær.

Anlegget vart i 1997 selt til Rolf Olsen Havbruk AS frå Askøy, som i 2000 selde til Pan Fish.

Les meir om oppdrett i Gulen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.07.2010