Hopp til innhold
X
Innhald

Rasmus A. Sørensen (Hilde)

Bakeriet til Rasmus A. Sørensen ca. 1890. Ved kaia ser vi ”Dølen” slik båten såg ut før den vart forlenga og ombygd rundt 1914. Ukjend fotograf.

Bakeriet til Rasmus A. Sørensen ca. 1890. Ved kaia ser vi ”Dølen” slik båten såg ut før den vart forlenga og ombygd rundt 1914. Ukjend fotograf.

Rasmus A. Sørensen (t.v.) kontrollerer klokka si med klokka til Johan Hatlelid, som var båtførar på Dølen. Ukjend fotograf.

Rasmus A. Sørensen (t.v.) kontrollerer klokka si med klokka til Johan Hatlelid, som var båtførar på Dølen. Ukjend fotograf.

Rasmus A. Sørensen (Hilde) starta i 1889 bakeri og handel på Grodås. Han hadde fram til då vore bakar hjå hotelleigar Lars P. Navelsaker (sjå Navelsakers Hotell under: Industri og næring i Hornindal).

I butikken tok han m.a. imot store mengder kramsfugl (trast og anna småfugl) som vart selt vidare til Bergen. Det same gjorde han med såkalla «kveik» - dvs. ølgjær - som honndølene framstilte ved ølbrygging. Rasmus lærte seg litt engelsk, og vart også fjellførar for turistar som gjekk på fjellvandring.

Nybygg i 1960

Sonen Mathias Sørensen overtok bakeriet midt på 1930-talet, dreiv det til 1940, og kolonialbutikken fram til 1961. Svigersonen Torvald Mikalsen og dottera Birgit dreiv kafé, og dei bygde eige hus vegg i vegg med Hornindal Sparebank då banken sette opp nybygg i 1960. Etter at kaféen vart lagd ned på 1970-talet har lokala vorte utleigde til m.a. landbrukskontor, frisørsalong og rekneskapskontor.

Forretningsbygget som Birgit og Torvald Mikalsen reiste i 1960 nærmast i biletet, vegg i vegg med tidlegare Hornindal Sparebank. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Forretningsbygget som Birgit og Torvald Mikalsen reiste i 1960 nærmast i biletet, vegg i vegg med tidlegare Hornindal Sparebank. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.02.2011