Hopp til innhold
X
Innhald

Reiakvam Snikkarverkstad

Dørfabrikken på Reiakvam gjekk konkurs på 1980-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dørfabrikken på Reiakvam gjekk konkurs på 1980-talet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reiakvam Snikkarverkstad vart grunnlagd i 1932 av Audun Reiakvam. Den første tida dreiv Reiakvam produksjon av bygningsartiklar, men utvida seinare med møbelproduksjon.

Etter kvart vart produksjonen spesialisert til ytterdører, og fabrikken hadde på det meste 15 personar i arbeid i fabrikken på Reiakvam. Fabrikken gjekk konkurs på 1980-talet. Dei siste åra heitte fabrikken Reiakvam Dørfabrikk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.12.2010