Hopp til innhold
X
Innhald

Reiselivsbedrifter i Stryn

Reiselivsnæringa har sidan 1870-talet vore ei svært viktig næring i Stryn kommune. På dette flyfotoet ser vi Alexandra Hotel og Hotell Loenfjord i Loen. Foto: Harald Walderhaug. Eigar: Alexandra Hotel.

Reiselivsnæringa har sidan 1870-talet vore ei svært viktig næring i Stryn kommune. På dette flyfotoet ser vi Alexandra Hotel og Hotell Loenfjord i Loen. Foto: Harald Walderhaug. Eigar: Alexandra Hotel.

Omtalane er ordna etter oppstartsår:

Hotellpionérane Olai og Peter O. Tenden

Tendens Hotell på Faleide vart grunnlagt i 1872 av Olai Tenden frå Stryn. Då Tendens Hotell kom i bakleksa, kjøpte Olai Tenden i 1891 eigedom ved kaia på Visnes, og i 1894 stod det storslagne Hotell Central med sveitsarstil og drakehovud ferdig. Like ved låg frå før Visnes Hotell.

Tendens Hotell

på Faleide - sjå artikkelen Hotellpionérane Olai og Peter O. Tenden.

Hotel Central

– sjå artikkelen: Hotellpionérane Olai og Peter O. Tenden.

King Oscars Hall

– sjå artikkelen: Hotellpionérane Olai og Peter O. Tenden.

Hotel Alexandra

i Loen er ei av dei største reiselivsbedriftene på Vestlandet, og den største i Sogn og Fjordane. Hotellet vart grunnlagt i 1884 av Anders Markusson Loen.

Hotel Loen

– sjå Hotel Alexandra.

Richards Hotell

– sjå Hotel Alexandra.

Hotell Loenfjord

– sjå Hotel Alexandra.

Kjenndalstova

– sjå Hotel Alexandra.

Yris Hotell i Olden

vart starta i Olden i 1884 på den over 200 år gamle handels- og gjestgjevarstaden i Sjøatunet ved utløpet av Oldenelva.

Loen ca 1890 med Hotel Alexandra til venstre og Kvammes Hotell til høgre.

Loen ca 1890 med Hotel Alexandra til venstre og Kvammes Hotell til høgre.

Kvammes Hotell

i Loen vart grunnlagt 1884 av Bruce Kvamme frå Sunnfjord.

Alexandra II

– sjå Kvammes Hotel.

Visnes Hotel

i Stryn vart grunnlagt i 1887 av Arne Visnes.

Britannia Hotel

i vegkrysset i Utvik sentrum vart bygt på den gamle handels- og ferjestaden i 1890.

Gjestgivergården

- sjå Britannia Hotel.

Hotel Victoria

på Meland vart grunnlagt i 1890 av Ragnhild og Isak Meland.

Hotel Mindresunde

I 1890 starta lærar Rasmus Kolbeinsson Bødal hotell på den tidlegare ”kapteinsgarden” Mindresunde (sjå Krigshistorie) ved Strynevatnet.

NAF teltplass Mindresunde

– sjå Hotel Mindresunde.

Mindresunde Camping

– sjå Hotel Mindresunde.

Briksdalsbre Fjellstove. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Briksdalsbre Fjellstove. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Briksdalsbre Fjellstove

i Oldedalen vart starta av eigaren av fjellgarden Briksdal, Anders E. Briksdal, i 1891.

Brixdal Hotel

- sjå Briksdalsbre Fjellstove.

Hjelle Hotell

vart grunnlagt i Oppstryn i 1894 av Thor Hjelle. Hotellet låg strategisk til då turistvegen over Strynefjellet mot Ottadalen vart opna.

Hjelle Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hjelle Hotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Valhalla Hotell

på Tonning i Stryn vart starta i 1899 av Anna S. Ytre-Eide.

Walhalla Gjestgiveri

- sjå Valhalla Hotell.

Stryn Hotell

var eit hotell som eksisterte kort tid kring 1900. Det låg like ved Valhalla.

Olden Dampbåtlag

Olden Dampbåtlag vart skipa i 1897 og var resultatet av ei samanslåing med Øvre Olden Dampbåtlag.

Videsæter Hotell. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Videsæter Hotell. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.

Videsæter Hotel

vart starta som fjellstove i 1903 då Staten kjøpte Hotel Victoria på Meland av Isak Meland.

Videseter Hotel

- sjå Videsæter Hotel.

Rustøens Reisebyrå

vart starta i 1903, og Skandia Reiser – sjå biografien om Rasmus A. G. Rustøen. ( sjå denne).

Loen Pensjonat

vart starta i Loen i 1908 av Ole Loen.

Tonning Hotell

i Stryn vart grunnlagt kring 1910 av Karolina Kyrkjeide. Hotellet vart sidan overteke av Erling Ytreeide, som dreiv hotell fram på 1960-talet.

Oldedalen Skysslag

vart skipa i 1923.

Smeby Hotell

i Stryn vart grunnlagt i 1926 av Johannes Ytreeide, som før det hadde drive overnatting i mindre målestokk. Hotellet hadde 36 senger, og vart ikkje bygd opp att etter at det brann ned i 1971.

Skaare Pensjonat

i Oppstryn vart bygt i 1931 av Johanne Skaare, som sidan 1924 hadde drive landhandel i bygda.

Karistova på Utvikfjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Karistova på Utvikfjellet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Karistova

Bygginga av Karistova på Utvikfjellet starta i 1936, og vart drive som kafé og hotell. Kari Sårheim Hegrenes dreiv gjestgjevarstaden frå starten til ho døydde i 1989.

Handel og pensjonat på Kleiveneset

Det starta med landhandel på 1870-talet, men etter ein brann i 1937 vart det både butikk og pensjonat.

Ommedals Pensjonat

– sjå artikkelen: Handel og pensjonat på Kleiveneset.

Kleivenes Camping

– sjå artikkelen: Handel og pensjonat på Kleiveneset.

Innvik Fjordhotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Innvik Fjordhotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

IMI Hotell - Misjonsheimen A/S

i Innvik vart starta som Innvik Pensjonat kring 1930. I 1973 kjøpte Nordfjord Indremisjon pensjonatet, og bygde ut til 38 senger i 1979. Med seinare påbygg har hotellet 66 senger. Hotellet heiter no Innvik Fjordhotell.

Innvik Pensjonat

- sjå - IMI Hotell, Misjonsheimen A/S.

Innvik Fjordhotell

– sjå IMI Hotell, Misjonsheimen A/S.

Alda Camping og Hytter

Jakob Sageflåt i Olden var rett før andre verdskrigen ein av dei første i landet som starta campingplass.

Øyra Camping

- sjå Alda Camping og Hytter.

Olden Fjordhotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden Fjordhotell. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Olden Fjordhotell

vart grunnlagt under namnet Solstrand Gjesteheim i 1953 av Aud Muri. Ved utviding til 80 senger i 1971 vart namnet endra til Olden Fjordhotell. Har etter utvidingar 120 senger. Hotellet held framleis berre sommarope.

Solstrand Gjesteheim

– sjå Olden Fjordhotell.

Grande Camping

vart starta på Grande i Oppstryn i 1955 av Ivar P. Erdal.

Rake Hyttegrend

vart starta på Rake i Loen i 1955 av Rodny og Malvin Heggestad.

Oppstryn Pensjonat og campingplass

på Fosnes vart starta i 1957 av ekteparet Karsten Fosnes og Magnhild Sårheim.

Folven Pensjonat

i Oppstryn, seinare Strynefjell Turistsenter, vart grunnlagt i 1959 av Gunvor og Lasse Folven.

Strynefjell Turistsenter

- sjå Folven Pensjonat.

Folven Camping

- sjå Folven Pensjonat.

Lo-Vik Camping

er den største campingplassen i Sogn og Fjordane. Den vart starta i 1959 av Julia Loen.

Næsset Camping

på Skarstein i Olden vart starta av Rasmus J. Skarstein kring 1960.

Sande Camping i Lodalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sande Camping i Lodalen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sande Camping

ved Lovatnet vart starta i 1961 av Sivert Sande.

Olden Camping

ved Oldevatnet vart starta i 1961 av Leif Gytri.

Utvikfjellet Alpinsenter

opna 1963 - sjå Idretten i Stryn og «Aktivitets-tilbod for turistane».

Nygård Camping

i Hjelledalen vart starta i 1963 av Konrad Nygård.

Loenvatn Feriesenter

vart starta i 1963 av Steinar Sande.

Sandeåsen Feriehytter

- sjå Loenvatn Feriesenter.

Stryn Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn Camping. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stryn Camping

vart starta i 1964 av Karl Bø og sonen Jens Bø.

Faleide Pensjonat

starta i 1964 - sjå artikkelen: Handels- og skysstaden Faleide.

Viking Camping og Kro

i Hildestranda i Innvik vart starta i av bygdefolket som eit aksjeselskap i 1965.

Strynsvatn Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strynsvatn Camping. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Strynsvatn Camping

vart starta i 1967 - sjå Meland Sag og Høvleri AS.

Oldevatn Camping

på Sunde i Oldedalen vart starta i 1969 av Andreas W. Sunde.

Melkevoll Bretun Camping

i Oldedalen vart starta i 1971 av Anders og Johanna Melkevoll.

Meland Fjordcamping

vart starta i 1971 av Bergfinn og Karen Meland.

Stryn Hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Hotel. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Hotel A/S

vart grunnlagt i 1971 av Judith Hagen.

Løken Camping

i Olden vart starta i 1971 av Nanfrid og Pål Løken.

Stryn Sommarskisenter

på Strynefjellet opna alpinanlegget i 1972.

Stryn Sommerski

- sjå Stryn Sommarskisenter.

Sommarskisenteret på Tystigen. Foto: NRK.

Sommarskisenteret på Tystigen. Foto: NRK.

Tjugen camping

i Loen vart starta i 1973 av Knut og Lill Berit Tjugen.

Fjord Ferie

på Faleide - sjå Handels- og skysstaden Faleide.

Cruiseskip ved kai i Olden. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Cruiseskip ved kai i Olden. Foto: Cosmin Cosma, NRK.

Cruiseskipskaia i Olden

vart bygd i 1992 av forretningsmannen Aslak Lefdal. Sjå Nor-Import. Nordfjord Havn (sjå Måløy havnevesen – Nordfjord havn) har sidan overteke anlegget, og utvida kaia for 30 millionar kroner i 2008. I 2012 steig over 100.000 cruisebåtturistar i land i Olden. Einskilde dagar var over 6000 turistar på ei eller anna utflukt.

Gryta Camping

i Oldedalen starta i 1993 av Dagfinn Gytri.

Åbrekk Gard

gjestegard i Oldedalen vart starta i 1995 av Signe og Rune Åbrekk.

Brevandring på Briksdalsbréen. Foto: Olav Jakob Tveit.

Brevandring på Briksdalsbréen. Foto: Olav Jakob Tveit.

Briksdal Bréføring AS

vart skipa i 1996 av Frode Briksdal, Per Briksdal og Roger Haugen. Firmaet har 10-12 tilsette i sesongen og driv med bré- og fjellføring, rafting og anna vassport.

Stryn Vertshus

vart starta i Stryn sentrum i 2001.

Stryn Vertshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stryn Vertshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Briksdal smile for life

er eit driftsselskap som Frode Briksdal står bak. I 2011 starta selskapet med restaurantdrift i Mølla Gjestehus i Olden. Den tidlegare mølla i Olden vart ombygd til serveringsstad då cruisekaia vart bygd, men frå 2005 til 2011 var det berre eit terminalkontor i bygningen.

Mølla Gjestehus til venstre i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Mølla Gjestehus til venstre i biletet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 23.10.2013