Hopp til innhold
X
Innhald

Reveavl i Gulen

Mellom dei som satsa på reveavl på 1920-talet, var også gardbrukarar i Neverdal. Dei skipa eit aksjelag som frå 1925 til 1940 dreiv ein stor revefarm i Neverdal.

Ein av føregangsmennene for reveavl var Kristian Østerbø (1858-1931) frå Lavik. Han hadde drive som handelsmann og skreddar med seks tilsette i Sørbøvåg i Hyllestad før han kom til garden Vesetvik (Hausevik), der han bygde stor revegard og dreiv elles som oppkjøpar av pelsverk i m.a. Finland og Sverige for bergensfirmaet G. C. Rieber.

Også på Vatne i Sygnefest vart det drive ein større revegard.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.06.2008