Hopp til innhold
X
Innhald

Rysjedal Elektro

Rysjedal Elektro AS i Leirvik vart starta i 1979 av slektningane Anders, Oddvar, Ove og Magnar Rysjedal.

Rysjedal Elektro AS i Leirvik vart starta i 1979 av slektningane Anders, Oddvar, Ove og Magnar Rysjedal.

Verksemda dreiv dei første åra som tradisjonell installasjonsforretning og starta butikkar i Leirvik og Høyanger. Etter kvart satsa Rysjedal Elektro sterkt på skipsinstallasjon, med Havyard-verfet på Kjørneset (tidl. Løland Verft, sjå Hjørnesteinsverksemda Løland Verft) som største kunde.

Firmaet har avdeling i Solund og arbeidsoppdrag i kommunane Høyanger, Hyllestad og Fjaler. I 1998 starta ein også rørleggjarverksemd.

I 2001 har verksemda 48 tilsette og ei omsetning på 52 millionar kroner.

I 2003 overtok fem tilsette – Rolf Eide, Rune Hersvik, Åge Høstaker, Bjørn Inge Systad og Harald Haugen – installasjonsverksemda, medan Rysjedal Holding framleis kontrollerer dei fleste aksjane i forretningsbygget Leirvik utleigebygg og er aksjonær i kro- og motellbygget i Leirvik, samt i Harvest Elektro i Florø.

HAFS Elektro AS

I 2010 skifta firmaet namn til HAFS Elektro, og Tore Bråstad vart styreleiar. I 2012 vart HAFS Elektro fusjonert med Wergeland Elektro & VVS AS, med til saman 29 tilsette og med driftsavdelingar i Gulen, Hyllestad og Solund under namnet HAFS Elektro AS.

I 2011 vart elektroforretninga RH Elektro i Leirvik slegen konkurs, og Hyllestad kommune vart utan elektroforretning.

RH Elektro heldt fram til 2011 til i Leirvik Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

RH Elektro heldt fram til 2011 til i Leirvik Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.10.2012