Hopp til innhold
X
Innhald

Sæbøe-familien

Butikken i Sæbøegården var i 2008 med i ICa-kjeda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Butikken i Sæbøegården var i 2008 med i ICa-kjeda. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sigurd Sæbøe starta landhandel og manufakturforretning i Høyanger i 1931. Dei første åra leigde forretninga lokale i Høyanger Privatbank.

Ei tid på 1960-talet leigde og dreiv også Sæbøe-familien Nobel Kafe i nabobygget.

Sonen Olav Sæbøe overtok seinare drifta. I 1982 bygde firmaet varehuset Sæbøegården med daglegvareforretning i første og manufaktur og bokhandel i andre etasje. Daglegvareforretninga var fram til 2012 med i ICA-kjeda, men vart då Rimi-butikk.

Ei tid på 1960-talet leigde og dreiv også Sæbøe-familien Nobel Kafe i nabobygget.

I 2010 fekk forretninga ansvaret for post i butikk-ordninga for Høyanger då postkontoret på industristaden vart lagt ned.

Les meir om: Landhandlar i Høyanger.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 30.05.2012