Hopp til innhold
X
Innhald

Sandane Industri L/L

Sandane Industri på Austrheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane Industri på Austrheim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane Industri L/L er ei attføringsbedrift som vart starta på Austrheim i 1969. Industribygget har vorte utvida fleire gonger sidan. Sandane Industri framstiller i hovudsak møblar ved hovudavdelinga på Sandane.

Ei avdeling på Nordfjordeid har mykje dellevaransar til mekanisk industri og ein plastbåtfabrikk, og avdelinga i Stryn har dellevaransar til bussfabrikken der.

Sandane Industri sysselset til saman 20 personar.

Tidlegare heitte verksemda YVI – Yrkesvalhemma Industri.

Dårleg økonomi gjorde at møbelfabrikken vart lagd ned i 2008. Same året vart bygningane kjøpte av Torbjørn Olseth og Roy Elsayed.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.02.2010