Hopp til innhold
X
Innhald

Sandane Senter

Sandane Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane Senter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandane Senter heiter det store varehuset på 8000 kvm. til 61 millionar kroner som opna i Sandane sentrum i januar 2001.

Bak bygget står Molde-selskapet Hakon Berg Jacobsen Eiendom. Det nye varehuset rommar 16 butikkar i 1. og 2. etasje, 13 ulike konsulentfirma m.m. i Sandane Næringshage i 3. høgda, og leiligheter på toppen. Bygget er seksjonert i ulike eigedomar, og det er Kråna Eigedom som eig næringshagedelen. Den eldste delen er det tidlegare «Hendenbygget» og er eigd av Arne Henden.

I 2007 vart butikkdelen av Sandane Senter overteken av Førde-investorane Dag Jøran Hjelmeland, Ole Jonny Øen og Tor Åge Vefring.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.01.2011