Hopp til innhold
X
Innhald

Sandblåsing A/S

Tectysafe AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tectysafe AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sandblåsing A/S vart starta i Stryn i 1990 av Arve Espelund.

Verksemda har spesialisert seg på understellsbehandling av køyrety, særleg bussar, og hatt store arbeidsoppågåver for VestBusscar og rutebilselskap i Hordaland. I 2005 vart Sandblåsing omgjort til eigarselskap av eit driftsselskap som heiter Tectysafe AS. Verksemda hadde i 2005 sju tilsette i Stryn, og dessutan ei avdeling i Bergen.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.03.2011