Hopp til innhold
X
Innhald

Sandtaket i Mjølsvik

Kring 1963 starta forretningsmannen Egil Smørås frå Bergen eit sandtak i Mjølsvik på sørsida. Han bygde ein stor sandsilo og utskipingskai nede ved fjorden. Sanden vart frakta på band frå sandtaket som låg høgre oppe i lia. Eit forsøk på å ta ut sand nede ved fjordkanten gav berre leire som resultat. Sandtaket var i drift til kring 1975 og hadde på det meste 4-5 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.11.2009