Hopp til innhold
X
Innhald

Sætren Sag

Sætren Sag vart starta i mellomkrigstida av Rasmus Sætren. Verksemda dreiv sag og høvleri og sal av trevirke. Sagbruket hadde opp til fire tilsette. Sonen Ola Sætren tok seinare over og deretter sonesonen Rasmus Sætren.

Sætren Sag vart drive til han døydde i 1994. Sidan har anlegget vorte nytta meir som gardssag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.11.2009