Hopp til innhold
X
Innhald

Schreuder med motorbåt og skaldyr

Motorbåten Fix som Schreuder kjøpte i 1903. Om bord sit Kristoffer Glosvik, som var tilsett hjå Schreuder. Ukjend fotograf. Eigar: Henrik Steen K. Glosvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Motorbåten Fix som Schreuder kjøpte i 1903. Om bord sit Kristoffer Glosvik, som var tilsett hjå Schreuder. Ukjend fotograf. Eigar: Henrik Steen K. Glosvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Otto Schreuder utnytta ikkje berre dei føremonene som nye kommunikasjons-middel gav for forretningsverksemda hans i Skjerjehamn. I 1896 bygde Schreuder trelastlager, og staden fekk både postopneri, telegrafstasjon i 1894, og seinare rikstelefon. Han dreiv også ein meteorologisk stasjon ei tid.

Motorbåtpionér

I 1903 vart han ein av dei første i Sogn og Fjordane som skaffa seg motorbåt. (Den første kjøpte lensmann Nils Landmark Lem i Sogndal til skyssbåt i 1902). Året etter skaffa både Schreuder og fiskebåtreiar Jan Hess i Solund seg motorbåtar.

Hummareksportør

Hummareksportør

Men det var ikkje berre motorbåtar Otto Schreuder og Jan Hess hadde sams interesse for:

Hess-familien i Solund og Schreuder i Skjerjehamn dreiv også stor eksport av hummar til England. Otto Schreuder var den første som tok i bruk kassar i denne eksporten.

Hummarhandelen må ha vore lukrativ, for ein engelskmann dreiv mottak av hummar i ei sjøbu like ved Skjerjehamn i åtte års tid før han reiste heim og selde forretninga til Schreuder.

Rekefiske

Rekefiske

Det er også grunn til å tru at Otto Schreuder hadde ein finger med i eit anna fiskeri som fekk eit spesielt fotfeste i Gulen: Rekefiskeriet. Dei første reketrålarane som opererte utanfor Gulen brukte nemleg Skjerjehamn som base.

Rekefisket har aldri fått noko stort omfang i Sogn og Fjordane - med unntak av Gulen, der fleire bruk har livnært seg av dette fisket opp til våre dagar. Sjå: Rekefiskarane på Furenes.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.11.2011