Hopp til innhold
X
Innhald

Selja Forlag

Selja Forlag held til i Bergehallen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Selja Forlag held til i Bergehallen i Førde. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Selja Forlag vart grunnlagt 1996 av journalist og forfattar Torkjell Djupedal.

Forlaget har sidan hatt stor suksess med rikt illustrerte lokalhistoriske bøker, m.a. om Selje kloster, Undredal stavkyrkje, dampskipskaiene i fylket, kulturhistoriske bøker om Førde og Florø og to store verk om alle kyrkjene i fylket.

Selje Forlag gav også ut suksessboka «Fjordamat» med gamle matoppskrifter frå Sogn og Fjordane. Seinare har forlaget gitt ut turboka "Opptur" som vart fylgd opp av ei tilsvarande bok for Hordaland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.11.2010