Hopp til innhold
X
Innhald

Selstad AS avd. Solund

Selstad AS på Lundøy. Foto: Magne Hamre.

Selstad AS på Lundøy. Foto: Magne Hamre.

Selstad AS frå Måløy starta reparasjons- og vedlikehalds-verkstad for notbruk og oppdrettsmerdar ved Ytre Steinsund i 1995.

Der leigde dei lokale i bygningar som høyrde til Bernt Ravnøy sitt oppdrettsanlegg. Sidan har Selstad bygd opp avdelingar både på Lundøy og Solnes. I 2007 investerte Selstad i ei større utviding av anlegget på Lundøy og samla Solund-avdelinga si der.

Selstad-konsernet har elles avdelingar i Båtsfjord, Tromsø, Svolvær, Sandnessjøen, Ålesund, Måløy, Danmark, Island, Skottland og Sør-Afrika.

Det første anlegget til Selstad i Solund, i Ytre Steinsund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det første anlegget til Selstad i Solund, i Ytre Steinsund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.06.2010