Hopp til innhold
X
Innhald

Selstad AS

Selstad AS har hovudanlegget sitt på Moldøen under Måløybrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selstad AS har hovudanlegget sitt på Moldøen under Måløybrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Selstad AS vart grunnlagt i 1953 av brørne Harald og Alf Selstad.

Firmaet har med base i Måløy bygt seg opp til eitt av dei største i landet i sal og vedlikehald av reiskap til fiskeflåten og oppdrettsnæringa.

Hovudanlegget til Selstad ligg på Moldøen i Måløy, og firmaet har avdelingar i Båtsfjord, Tromsø, Svolvær, Ålesund, Ytre Solund (sjå Selstad AS avd. Solund), Sotra og i Skagen i Danmark. Selstad har kring 110 tilsette, av dei halvparten i Måløy. Selstad AS hadde ei omsetning i 2005 på over 103 millionar kroner. I 2011 hadde omsetninga auka til 216 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.09.2012