Hopp til innhold
X
Innhald

Sementvareproduksjonen til Wergelandsfolket

Sementstøyperiet på Halsvik. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Sementstøyperiet på Halsvik. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Familien Wergeland frå Steine lengst sør i Gulen kommune har bygt opp den største industriverksemda i kommunen. I 2002 sysselset konsernet 150 personar, derav 130 i Gulen kommune.

Sandtaket la grunnlaget

Det starta med bonden Trygve H. Wergeland i 1955: På garden på Steine ved Halsvik var det gode sandforekomstar, og i 1955 starta han sandtak og produksjon av blokkstein. I 1964 starta han produksjon av sementrøyr, vegsikringar og andre såkalla «kommunalvarer». Dei tre sønene Hans, Trygve og Steinar og dei tre døtrene Haldis, Målfrid og Vigdis vart alle tilsette i fabrikken. Hans Wergeland overtok som dagleg leiar då grunnleggjaren gav seg. I 1979 starta verksemda produksjon av takstein og utvida til 30 tilsette.

Wergeland-anlegget i Sløvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Wergeland-anlegget i Sløvåg. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flytting til Sløvåg

Frå 1987 har Wergeland flytta det meste av produksjonen sin til Sløvåg: Her vart ein ny taksteinfabrikk teken i bruk i 1990. I 1992 opna dei eit behandlingsanlegg for oljeholdig avfall i Sløvåg, og i 1994 starta selskapet eit av dei største steinknuseverka i Nord-Europa i Sløvåg. Herfrå vert det eksportert knust stein til dei fleste land i Nord-Europa.

I Sløvåg driv Wergeland også eit stort betongblanderi. Forutan farga takstein, produserer dei også eit stort utval betongartiklar til offentleg sektor og byggebransjen. Wergeland-familien har eigarskap og kontroll med den allsidige verksemda gjennom Wergeland Holding AS.

Skipsverft, hotell og ferjedrift

I 1996 overtok Wergeland Holding det konkursråka skipsverftet Solund Skips Service AS (Stad Trading) i Solund, og i 2001 fekk Wergeland Halsvik AS konsesjon på drift av kabelferga «Fjon M» over det 700 meter breie sundet mellom Duesund og Masfjordnes ved munningen av Masfjorden. I 1999 vart Wergeland Eiendom AS eigar av Eivindvik Hotell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.08.2012