Hopp til innhold
X
Innhald

Shoddyfabrikken i Vadheim

Dyrnesliøyra, der shoddyfabrikken låg. På dette biletet er kraftstasjonen bygd. Ukjend fotograf.

Dyrnesliøyra, der shoddyfabrikken låg. På dette biletet er kraftstasjonen bygd. Ukjend fotograf.

Peder Larsen frå Arna i Hordaland starta i 1872 ein liten shoddyfabrikk ved Dyrneslielva i Vadheim. Larsen kan også ha kome frå Oslo, og det er mogeleg at han ei tid dreiv ein verkstad i Bygstad før han busette seg i Vadheim. Shoddyfabrikken bygde han på Dyrnesliøyra der det sidan tidleg på 1600-talet hadde vore drive ei oppgangssag.

Shoddy var eit produkt som vart nytta til sengemadrasser og stoppamøblar og vart laga av opprivne tøyfiller.

I 1894 kjøpte dansken J. Jørgensen fabrikken og monterte ein liten likestraumgenerator som forsynte shoddyfabrikken med elektrisk lys. Dette var det andre "elektrisitetsverket" i fylket nest etter det som vart bygd i Loen i 1893 (sjå Stryn kommune). Generatoren frå Dyrneslielva er teken vare på ved Bergen Tekniske Skole.

I 1906 kjøpte skotten Edgar Ashcroft shoddyfabrikken med vassrettane som høyrde til og bygde Vadheim Elektrochemiske Fabrikker. (I bygdeboka vert det sagt at Ashcroft kjøpte shoddyfabrikken av grunnleggjaren Peder Larsen, men dette er truleg ikkje rett. Jørgensen har mest truleg drive fabrikken i mellomtida.)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 18.11.2009