Hopp til innhold
X
Innhald

Sigvald Hjelle

Sigvald Hjelle starta verksemda si med landhandel i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sigvald Hjelle starta verksemda si med landhandel i dette huset. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sigvald Hjelle starta med drosjekøyring kring 1938. Han hadde då i nokre år drive landhandel saman med Eivind Sølvberg (sjå Nikolai Fauske). Hjelle køyrde først på Mathias Solheim sitt drosjeløyve. Etter krigen fekk Hjelle eige løyve. Sonen Knut Arne Hjelle overtok drosjeløyvet i 1981.

Her dreiv Sigvald Hjelle bensinstasjon og bilverkstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her dreiv Sigvald Hjelle bensinstasjon og bilverkstad. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På 1960-talet leigde Sigvald Hjelle bensinstasjonen som Ragnvald Naustdal sidan 1958 hadde drive i Naustdal sentrum. Då riksvegen var lagd om med ny veg på vestsida av elva Nausta til nyebrua ved elveosen, bygde Sigvald Hjelle ny bensinstasjon og bilverkstad like ved Naustdalsfossen. Dette utvikla seg til Hjelle Servicesenter som dottera Gunnvor Hjelle Eilertsen overtok kring 1976. Her vart det også drive kro ei tid.

Hjellefamilien starta også firmaet Naustdal Hytteutleige AS som har bygt seks hytter like ved servicesenteret, og etter at bensinstasjonen vart lagt ned, er hovudbygget ominnreidd til seks små husvære for utleige.

Tre av hyttene til Naustdal Hytteutleige AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tre av hyttene til Naustdal Hytteutleige AS. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.12.2010