Hopp til innhold
X
Innhald

Sildefiskernes Fabrikklag

Sildefiskernes Fabrikklag i Gunhildvågen på 1960-talet.

Sildefiskernes Fabrikklag i Gunhildvågen på 1960-talet.

Sildefiskernes Fabrikklag bygde sildoljefabrikk i Gunhildvågen i Florø i 1952. Fabrikken var på den tida ein av dei største sildoljefabrikkane langs kysten og kunne ta imot 80.000 hektoliter i døgnet og losse 10 båtar samstundes. I toppåra på 1950-talet arbeidde det 220 mann i sesongen. Ved fabrikken vart det også bygd funksjonærbustader. Då vintersilda svikta på slutten av 1950-talet la sildoljefabrikkane på Vestlandet over frå storsild til anna råstoff: På 1960-talet kom kraftblokka som revolusjonerte fisket med snurpenot. På få år sopa store og moderne kraftblokkbåtar heile Nordsjøen nærast tom for sild og makrell – med fiskeforbod og restriksjonar som fylgje. Då kasta ringnotflåten seg over lodda i Barentshavet – med same resultat: Resriksjonar og forbod. Sildoljefabrikkane hadde likevel ein nokolunde liten, men fast råstofftilgang frå fiske etter såkalla ”skitfisk” frå Nordsjøen. Dette ”skitfisket” gjekk etter artar som tobis og øyepål og gjekk for det meste føre seg i sommarhalvåret.

Nedlegging i Gunhildvågen

Men då nordsjøsilda og nordsjømakrellen, og seinare også loddefisket svikta, sat sildoljeindustrien på Vestlandet att med stor overkapasitet. Sildefiskernes Fabrikklag sin fabrikk i Gunhildvågen vart lagd ned i 1981. Etter ein 10-årsperiode då anlegga i Gunhildvågen m.a. vart brukte av Flora vidaregåande skule, til mekanisk industri - og det også vart diskutert om ein skulle nytte industriområdet der til ny oljebase for Florø - kjøpte det finske konsernet Cultor anlegga i 1988. Dette selskapet bygde opp ein av verdas største fiskeforfabrikkar - EWOS - i Gunnhildvågen.

Les meir om dette underFiskefôrfabrikken EWOS.

Også Skaarfish etablerte seg med nytt fiskemottak og lakseslakteri i Gunnhildvågen.

Ein etterlevning etter Sildefiskernes Fabrikklag, eit stort nothenge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ein etterlevning etter Sildefiskernes Fabrikklag, eit stort nothenge. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 


Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014)
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014


Sist oppdatert: 12.05.2010