Hopp til innhold
X
Innhald

Simatex A/S

Simatex A/S i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Simatex A/S i Innvik. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Simatex A/S vart starta i Innvik 1959 av Torstein Presthus, som då flytta bedrifta med seg frå Trøndelag.

I Innvik bygde han industribygg på 1300 kvm., og hadde 20 personar tilsett for produksjon av plast-ryer. Etter at bedrifta la ned eigen produksjon i 1997, har familien satsa på tekstilforretningar i Stryn kommune.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2011