Hopp til innhold
X
Innhald

Sivert Sivertsen

Bygningane på Ødvenkaia er i dag ombygde til husvere. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bygningane på Ødvenkaia er i dag ombygde til husvere. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sivert Sivertsen kom frå Nordland i 1846 og starta truleg med litt handel på ein stad som vart kalla Bugten på Sandane. I 1860 overtok Hans B. Juell som landhandlar. Han dreiv også bakeri.

Juell vart også poststyrar på Sandane – eit ombod som han overtok etter den forretningsorienterte soknepresten Jørgen Meier Heffermehl som også dreiv skjenkestova på Sandane. Juell flytta seinare til Bergen, og den tidlegare jekteskipperen Anders A. Ødven frå Ulvik i Hardanger tok over eigedomen med handel, bakeri og gjestgiveri.

Dampskipskaia på Sandane, også kalla Ødvenkaia, i 1910.

Dampskipskaia på Sandane, også kalla Ødvenkaia, i 1910.

Ødven hadde fått kontakt med Nordfjord medan han arbeidde som skipper på jekta til handelsmennene Friis i Rugsund. Han vart også dampskipsekspeditør på Sandane. Ein av sønene til Anders A. Ødven, Albert A. Øydvin, tok over dampskipsekspedisjonen i 1904. I 1927 bygde han ny betongkai og stort pakkhus i 1937.

I 1961 let Albert over dampskipskaia til sønene Audun og Nils Øydvin. Etter at dampskipsekspedisjonen vart lagd ned er dei tidlegare pakkhusa bygde om til husvære.

Ein annan son til den første Ødven på Sandane; Elias Ødven, tok over bakeriet og posten etter faren. – Les meir om denne greina av Ødven-familien under Elias Ødven.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.01.2011