Hopp til innhold
X
Innhald

Sivertsens Hotell - seinare Gloppen Hotell

Gloppen Hotell har teke godt vare på den staselege trebygningen som har sett slik ut sidan 1925. Dette biletet vart teke i 2006, før den siste utvidinga av hotellet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gloppen Hotell har teke godt vare på den staselege trebygningen som har sett slik ut sidan 1925. Dette biletet vart teke i 2006, før den siste utvidinga av hotellet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sivertsens Hotell vart drive av Sivertsen-familien heilt frå 1846 og fram til 1988. Hotellet heiter i dag Gloppen Hotell og er eitt av dei eldste i fylket.

Etter å ha budd nokre år på Skei i Jølster som gjestgjevar, kom Joachim Ehrenreich Sivertsen kring 1840 til Sandane som styrar for gjestgiveriet som sokneprest Jørgen Meier Heffermehl den gong eigde. Sivertsen tok seinare over eigedomen og fekk løyve til å drive landhandel og hotell i 1866. Han dreiv også skysstasjon.

Sivertsens Hotell på 1870-talet. I framgrunnen Fargarbua. Foto: K. Knudsen.

Fleire utvidingar

I 1870 bygde han nytt hotell i 2 1/2 etasje like ved det gamle gjestgiveriet. Dette vart utvida og dekorert i sveitserstil i 1890, og vart utvida i 1925 i same stil. I 1971 fekk hotellet ei ny gjesteromsfløy i betong og har 40 gjestesenger.

Etter konkurs i 1988 overtok lakseoppdrettar Kristen Strømmen i Rugsund ei tid som eigar under namnet Gloppen Turisthotell, med Dag Moen som dagleg leiar. I 1994 kjøpte Dag Moen hotellet sjølv og gav det namnet Gloppen Hotell.

Satsing på lokal mat

Hotellet vart utvida frå 40 til 52 rom i 2008. Same året vart Gloppen Mat AS opna. Dette er eit produksjonskjøkken knytt til hotellet som m.a. skal foredle spesielle lokale kjøtprodukt både av husdyr og vilt og drive utsal av gardsmat. I 2010 kjøpte Coop Vest AB 51% av aksjane i Gloppen Mat AS, men selde seg ut igjen året etter.

Gloppen Hotell i 2012, med nybygget som stod ferdig i 2011 til venstre. Foto: Marie Stafsnes Osland, NRK.

Gloppen Hotell i 2012, med nybygget som stod ferdig i 2011 til venstre. Foto: Marie Stafsnes Osland, NRK.

Storsatsing

I 2010 la Irene og Dag Moen fram planar om ei utbygging til 28 millionar kroner med 24 nye dobbeltrom og ny konferansesal. Hotellet kunne ta i bruk nyinvesteringa sommaren 2011.

Laksehotell

I alle år har laksefiskarar vore ei svært viktig gjestegruppe for hotellet, som leiger og disponerer dei viktigaste fiskesonene i Storelva i Gloppen.

Høgthengande matpris

I 2010 gjekk hotellet til topps i Ganefart, ei landsomfattande kåring av den beste serveringsstaden i landet. I alt 207 serveringsstader var med i vurderinga.

Frå utdelinga av Ganefart-prisen i 2010. Frå venstre Kathrine Kleveland, leiar i Bygdekvinnelaget, Preben Moen og Bodil Fjellestad frå Gloppen Hotell, Ane Kismul fra Landbruks- og Matdepartementet og Nina Broch Mathisen.

Neste generasjon Moen

I 2013 døydde Dag Moen brått, 54 år gamal, og sonen Preben Moen tok over som hotellsjef, 22 år gamal.

Dag Moen bygde saman med ektefellen Irene opp Gloppen hotell til eitt av dei fremste i fylket. Han døydde brått i 2013. Foto: Marie Stafsnes Osland, NRK.

Dag Moen bygde saman med ektefellen Irene opp Gloppen hotell til eitt av dei fremste i fylket. Han døydde brått i 2013. Foto: Marie Stafsnes Osland, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 16.06.2015