Hopp til innhold
X
Innhald

Sjølaks AS

oppdrettsfirma, vart skipa i 1979 av Harald Kvalheim og Knut Holvik frå Måløy.

Selskapet sikra seg fire oppdrettskonsesjonar og hadde anlegga plasserte m.a. i Osmundsvåg, Husevågøy og på Totland ved Bryggja. Sjølaks AS fekk også to konsesjonar for yngelproduksjon. Den eine vart nytta til drift av eit klekkeri ved stamlaksanlegget i Vågsvåg, og den andre til setjefiskanlegg på Rygg og Skjerdal i Gloppen kommune.

På det meste hadde Sjølaks AS 15 tilsette og ein årsproduksjon på 3000 tonn laks som tilsvara ein verdi på 90 millionar kroner. I 1996 selde Harald Kvalheim og Knut Holvik Sjølaks AS til Domstein-konsernet. Harald Kvalheim investerte då i eit stort olje- og bunkersanlegg på Kulen i Måløy: Måløy Havneservice AS. – Sjå dette under Arthur Kvalheim .

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.06.2008