Hopp til innhold
X
Innhald

Skaar & Co.

Skaar & Co. før 1941. Då vart bua øydelagd under Måløyraidet.

Skaar & Co. før 1941. Då vart bua øydelagd under Måløyraidet.

Skaar & Co. før 1941. Då vart bua øydelagd under Måløyraidet.

Skaar & Co. før 1941. Då vart bua øydelagd under Måløyraidet.

Jon Skaar sr.Skaar & Co, grunnlagt 1915 av Jon Skaar jr. i kompaniskap med Thorolf Tonning. Fram til 1918 dreiv dei to fiskehandel og daglegvarehandel i Måløy under firmanamnet Tonning & Co AS. Då starta Jon Skaar sr. eige firma med fiskehandel.

Sterk utbygging i Måløy og Florø

Sterk utbygging i Måløy og Florø

Under leiing av Jon Skaar jr. starta firmaet på 1970-talet ei sterk utbygging av anlegga i Måløy og på Fugleskjerkaia i Florø.

Tredje generasjon overtok

Tredje generasjon overtok

Etter ei tid overtok Jon jr. sin son Harald Skaar anlegga i Florø under namnet Skaarfish, medan Jon Skaar jr. dreiv anlegga i Måløy under namnet Skaar & Co. Jons andre son, Helge Skaar, etablerte eige internasjonalt selskap for sal av fiskeprodukt i Hamburg, Tyskland under namnet Skaar International. Noregs-basen til Helge Skaar har vore selskapet Skaar Norway med base i Florø.

Økonomiske vanskar

Då dei norske Skaar-selskapa fekk økonomiske problem på 1990-talet, overtok ei tid Norway Seafoods (eigd av Kjell Inge Røkke) det Florø-baserte Skaarfish, medan Arne Stang frå Stongfjorden overtok anlegga i Måløy, drivne vidare under namnet Maaløy Seafood.

Maaløy Seafood. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Maaløy Seafood. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Maaløy Seafood

I 2001 vart både dette og den Stang-eigde Måløy Sildoljefabrikk A/S (avdelingar i Deknepoll og Trollebø) kjøpte inn i Pan Fish-gruppa. I september 2002 vart det tidlegare Skaar-anlegget i Måløy overteke av det nyskipa selskapet Maaløy Seafood, som har store aksjonærar frå Vågsøy, Florø og Solund.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.04.2010