Skibenes & Søn A/S

Skibenesgården. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Skibenes & Søn A/S vart grunnlagt i 1915 av Olav Skipenes frå Nordfjordeid. Han fekk agentur på båtmotorar og drivstoff i den første tida då fiskeflåten la om frå segl til motordrift. Sonen Sverre Skibenes kom med som kompanjong, og i 1923 kjøpte han saman med Arnfinn Osmundsvaag ei tomt på Gotteberg der dei bygde eit stort bunkersanlegg (oljelager) som forsynte fiskeflåten med drivstoff. Anlegget vart drive i regi av A/S Vestlandske Petrol.

Skibenes & Søn A/S og rutebåten Konstant.
Skibenes bygde eige forretningsbygg ved Gate 1 på 1920-talet, og dreiv også ei tid post- og passasjerruter på Nordfjord med mindre båtar. Firmaet hadde også agentur på m.a. daglegvarer, og dreiv i tillegg linebåten «Berlesund» på 1960-talet.
I 1940 starta Sverre Skibenes Måløy Radioforretning saman med Bjarne Osmundsvåg. Denne forretninga heldt dei første åra til i Skibenes-huset ved Gate 1. På 1950- og 1960-talet dreiv også Isak Husevåg ein daglegvarebutikk i Skibenes-huset.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 08.04.2010