Skifabrikk

Annonse for L. S. Kirkhorn skifabrikk på 1930-talet.
Lars S. Kirkhorn starta kring 1915 skifabrikk i Hornindal, og heldt det meste av tida til på Lødøen. Han hadde fleire deltidstilsette, og leverte ski m.a. til Sunnmøre. Fabrikken var i drift i nokre år etter 2. verdskrig.
I Hornindal hadde ein ei bygderegle om skifabrikken på Kirkhorn som gjekk slik: *Skal du ha deg nye ski; *gå ikkje Lars Kirkhorn forbi. *Han hev ski av alle slag. *Kjøp i dag!
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 25.02.2011