Skjerjehamn

Skjerjehamn. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK
Ved skipsleia sørvest for kommunesenteret Eivindvik ligg Skjerjehamn. Den lune vågen er dominert av eit vakkert, treetasjes hus i sveitsarstil som ein gong var hotell.
Handelsstad og knutepunkt
Få stader i Sogn og Fjordane har vore så sterkt prega av endringar i kommunikasjons-mønsteret som Skjerjehamn: I dag ligg staden einbølt til, utan faste rutesamband. Men heilt fram til 1950-talet var Skjerjehamn eitt av dei viktigaste knutepunkta i samferdsla i Sogn og Fjordane. Her var det at Fylkesbaatane sine ruter mellom Sogn og Nordfjord korresponderte, og den lune hamna like sør for Sognesjøen var ei av dei viktigaste jektehamnene på Vestlands-kysten.
Skysskifte og gjestgjevarstad i Skjerjehamn
Den sentrale plasseringa ved seglingsleia gjorde at Skjerjehamn vart ein naturleg stad å starte med handel, kro og overnatting. Her var det også skysskifte.
Konkursar og brennevin på gauk
Ingeborg Møhlen måtte låne dugeleg mykje pengar. For å dekkje renter og avdrag, sende ho to karar ein sundag til Eivindvik for å selje brennevin på gauk når folk kom ut ifrå preika.
Eivindvik-prosten kjøper skjenkestaden
For å få slutt på både gaukehandelen kring kyrkja i Eivindvik og alt som fylgde med brennevinsbula i Skjerjehamn, kjøpte sokneprest Niels Griis Alstrup Dahl like godt heile staden i 1840.
Skjerjehamn - knutepunkt for dampskipa
Sjølv om Skjerjehamn hadde vore fast hamn for jekter og andre skip som sigla langs kysten, så var det rutebåtane som kom til å setje Skjerjehamn på kommunikasjonskartet frå kring 1850 og dei komande 100 åra, då dampbåtrutene dominerte ruteferdsla på Vestlandet.
Herskapshus og hotell i Skjerjehamn
Otto Schreuder overlevde ei ulukke der han mista m.a. faren, og blei ein stor handelsmann i Skjerjehamn då han tok over eigedomen etter mora Sara i 1880.
Schreuder med motorbåt og skaldyr
Otto Schreuder bygde trelastlager, og staden fekk både postopneri, telegraf og seinare rikstelefon. Schreuder dreiv også ein meteorologisk stasjon, skaffa seg motorbåt, og dreiv rekefiske og eksport av hummar.
Slutt på Skjerjehamn-epoken
Den økonomiske krisa på 1930-talet råka også Skjerjehamn, og ut over 1930-talet tapte Skjerjehamn si betydning som trafikknutepunkt.

Stabben fyr. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK
Nytt liv i Skjerjehamn
I 2005 kjøpte fiskeoppdrettar Ola Braanaas Skjerjehamn frå Bjarne, Arne og Målfrid Hesvik.

Det var folksamt i Skjerjehamn då kongestatuen vart avduka i 2007. Foto: Torje Bjellaas, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 05.01.2012